Handling (Corona)

I denne situasjonen er det fleire som treng hjelp til å få matvarer levert på døra. Kan du bidra til dette? I to av butikkane pakkar butikken klart i poser, medan i ein må me og plukke varer. Uansett skal dette gjennomførast trygt i høve smittevern. Dette blir og koordinert med handlinga me har gjennomført før. I hovedsak tysdagar og fredagar.

Aldersgruppe: 18 til 80 år

Me har avtale med to av butikkane i sentrum. (Joker Torpo har eige opplegg for bebuarar der) Foreløbig seier me at de kan bestille måndag og torsdag, så avventar me i forhold til pågang. Her finn de informasjon om korleis de kan bestille:

REMA 1000

Handlelista sender eller ringer de til frivilligsentralen.  Me sender den vidare til Rema. Dagen etter pakkar dei den, og sender den gjennom kassa. Då får du ein sms på mobiltelefon med eit beløp som du må vipse. Når du har vipsa beløpet, så får frivilligsentralen beskjed, og me tek det med på runden for levering i løpet av dagen.

SPAR:

Handlelista sender de direkte til Spar Ål ( spar.al@spar.no ). Om du ikkje har mail, så kan du ringe inn bestillinga til frivilligsentralen. Dagen etter pakkar dei den, og opprette ein konto, og du vil få faktura(for å få konto, så må du oppgi navn, adresse, tlf og gjerne mail). Når dei har pakka ferdig så får frivilligsentralen beskjed, og me tek det med på runden for levering i løpet av dagen.

Handlere har og teieplikt. Handelen vert gjennomført etter helsedirektoratet sine anbefalingar for å hindre smitte. 

https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/frivillige-organisasjoner?fbclid=IwAR1-MMTuMcKw7-t_5hBPNvQc56zWZjygc9kte2IQh_8CVV27SbU5kiYApds

2020 © Ål frivilligsentral