Rickshaw - sjåfør

Har du tid og lyst til å gi eldre kjensla av "vind i håret"?

Aldersgruppe: 16 til 99 år

Helsesenteret har kjøpt inn 1 rickshaw-sykkel, men den har ikkje vore mykje brukt. No vil me prøve å få dette til å bli eit tilbod som kan nyttast av fleire. Har du lyst/høve til å ta nokre sykkelturar i nærområdet i sommarhalvåret? Dette er el-syklar som er ganske enkle å manøvrere, og forholdsvis enkle å trå. Om du ynskjer å ta ut på tur åleine, så er det mogeleg, elles tenkjer me at det kan vera lurt å vera 2. I og med at me foreløbig har kun ein rickshaw, så kan den andre evt bruke ein vanleg elsykkel som og er til utlån. Me er medlem i "sykling uten alder", og er dermed dekt opp med forsikringer av sjåførar og passasjerar.

2020 © Ål frivilligsentral