Seniordans

Kvar måndag kl 11.00 er det seniordans i Veslefeten dansesal i Ål kulturhus. Her er det trim for både hovud og kropp. Det er ein flott gjeng som møtast, og har det veldig kjekt i lag. Det er alltid plass til fleire. Dans deg glad og bli med.

Ål seniordans vart etablert i 2015, og har to flotte instruktører. Det er ein gjeng på 15-20 stk som dansar og har det veldig kjekt. Innimellom reiser dei på treff med andre seniordansgrupper, både innad i dalen og på større treff. Det er lov til å setje seg ned om det blir litt slitsomt, og instruktørane prøver å tilpasse aktiviteten til gruppa. 

Kontaktperson: Magnhild Andersen: tlf.: 957 81 379



2024 © Ål frivilligsentral