LOGG INN

Velkommen til Ål Frivilligsentral

  • Vil du bruke litt av tida di saman med andre?

  • Vil du treffe nye menneske?

  • Vil du vera med å setje dine og andre sine idéar ut i livet?

Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom mennesker i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ynsker å hjelpe.

Nyheiter:
Våren er kome, og aktivitetane held stort sett fram Me har avslutta stakkekurset, men kvinnetreff, onsdagsaktivitet/leksehjelp, onsdagstreff, handling for eldre kvar tysdag og fredag, vaktmesterteam og andre enkeltoppdrag går som vanleg. Lokalene vert mykje brukt på kveldstid, og me deltek på prosjekt/aktivtetar på Ål bu- og behandlingssenter og litt anna smatteri.

Stakkekurset vart omtala i hallingdølen, viste fram produksjonen sin på ein kulturcafe i Kulturhuset i april. Det er allereie hielt fullt på stakkeurset til hausten, men me vurderar å ha ei reservelsite - evt 2 paralelle kurs. Me må vurdere litt gjennom sommaren.

Ål frivilligsentral hadde årsmøte måndag 19 mars. Det er formannskapet som er årsmøtet til frivilligsentralen. Det var vanlege årsmøtesaker, og det vart avrunda med val. Me takkar Kjellaug Romslo for innsatsen i styret, og ynskjer Farzaneh Fazli velkomen inn. I tillegg vart det bestemt at me skal ha ein vara. Dette vart Tone Idunn Anthun. Me er kjempenøgd med å ha fått 2 slike flotte damer inn i styret!

GÅ SJØLV!

Lytt ikkje etter bank på dør.
Det gjer grannen.
Gå sjølv!

Vent ikkje på steg i tunet.
Der gror graset fritt.
Gå sjølv!

Bryt denne underlege forbanninga
som har kome over landet:

Det passar vel ikkje.
Dei skal sjå dagsrevyen.
Dei tykkjer eg er rar.

Bryt det tvert over
- og gå sjølv!

"Synnøve"

Kopirett © 2012 Ål Frivilligsentral

Finn din sentral