Trivselsvenn ved Ål helsesenter

Kjenner du nokon som har litt ekstra å gi eller har du sjølv litt ekstra tid og har lyst til å glede eit anna menneske?

Aldersgruppe: 18 til 80 år

Vi har no ei flott gruppe med trivselsvenner på Ål helsesenter som steiker vaflar, går tur, snakkar og les for bebuarane. Mange uttrykkjer stor glede over at ein person som ikkje jobber der, men heilt frivillig tek seg tid til å snakke med og vere med dei. 

Vi treng fleire trivselsvenner ved Ål helsesenter. Ta gjerne kontakt med trivselskoordinator Heidi på tlf 977 30 540 for meir info. 

2024 © Ål frivilligsentral