Teieplikt Ål frivilligsentral

Personar som tek oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert erklæring om teieplikt.

Teieplikt

Som frivillig forpliktar eg meg med dette til ikkje å bruke, åpenbare, utlevere eller på annan måte gjera tilgjengeleg for uvedkommande informasjon om alle personlege opplysninger som eg er vorte kjent med i mitt arbeid i tilknytning til frivilligsentralen.

Eg vil og vise aktsemd i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarer under mitt arbeid.

Personlege opplysningar som er gitt av ein bruker i forbindelse med saksbehandling og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke fra brukeren benyttast internt. 

Eg har lese dei lovbestemmelsar som er anført i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffeloven sitt kapittel 21 samt markedsføringsloven sin § 28 og § 29. Eg er kjent med at brot på desse bestemmelsane kan medføre straffeansvar.

Eg er klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er tilknyttet frivilligsentralen, men og etter at mitt engasjement er avslutta. 

Som frivillig forpliktar eg meg til å: 

  • si frå når eg er sjuk, eller av annan grunn forhindra frå å kome. 
  • si frå når noko ikkje fungerar 
  • si frå når eg ikkje kan fortsetje mitt engasjement, også ferie/ opphald 
  • si frå når eg vil slutte

Eg er kjent med og godtek at kontaktperson (dagleg leiar) har eit oppfølgingsansvar og med dette har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lovsteder

Taushetspliktens omfang

Taushetsplikten omfatter helse- og sykdomstilhøve, kjensleliv, livssyn, og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomiske situasjon, fødestad, personnummer, statsborgerskap, yrke, bostad og arbeidstad, - når brukaren gir opplysninger til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når videreformidling kan medføre skadevirkning for den det gjeld.

Bruk på nett

Teieplikta gjelder og dersom den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside.

2024 © Ål frivilligsentral