Velkomen til oss
Frivilligsentralen skal bidra til at menneske i Ål kan bidra med frivillig innsats, enten gjennom frivilligsentralen sitt arbeid, eller me kan koble deg på andre lag og organisasjonar som driv med frivillig arbeid. Frivilligsentralen har og ein ungdomsfrivilligsentral, som mellom anna driftar BUA ÅL og er ALLEMED-koordinator. Frivilligsentralen har kontorplass i Ål kulturhus, og arbeider med relasjonsbasert arbeid. Me har alltid behov for fleire frivillige. Ta kontakt om du ynskjer å bidra til at andre i kommunen vår får eit betre liv.
Nyheter
Aktivitetar
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Oppstart igjen 30. september.
Les merBadstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark 2. kvar torsdag - sjå under. Måndagsgruppa har avslutta for våren, oppstart igjen i midten av september.
Les merAlle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
Les merKurs på Gol startar 1. september i regi av Frisklivssentralen. Påmeldingsfrist: 25. august før kl. 12.00 Tilbodet er til innbyggjarar frå heile Hallingdal.
Les merHer finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
Les merÅl kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar. Neste velkomsttreff blir til hausten.
Les merPå BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.
Les merÅl kulturhus arrangerer nokre onsdagar og fredagar i månaden dagkino.
Les merÅl frivilligsentral arrangerer i samarbeid med Ål bibliotek og Pensjonistforbundet Ål datakurs på smarttelefon og nettbrett. Det blir også praktisk bruk av kunstig intelligens.
Les merAktivitetar og arrangement i regi av frivilligsentralen
Les merI høve prosjekt bulyst/blilyst i Ål så er det behov for fadderar til nytilflytte. Har du litt tid til overs, og har lyst til å bli kjent med nye menneske som ønskjer å busette seg i kommunen vår?
Les merKva skjer
Oversikt over aktivitetar på Frivilligsentralen og andre stadar me har aktivitet.
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Man 14.09 | 11:00 | Seniordans Ål | Veslefeten Ål kulturhus |
| Tir 15.09 | Handling | ||
| Tir 15.09 | 09:00 | Styrketrening for menn | Veslefeten Ål kulturhus |
| Tir 15.09 | 10:00 | Styrketrening for vaksne | Veslefeten Ål kulturhus |
| Tir 15.09 | 14:30 | BUA Ål | Ål kulturhus |
Frivillig?
Her kan du varsle frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig eller treng hjelp. Når du har sendt inn info, tek me kontakt så snart vi kan.