Afternoon Tea og kino Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino.
Badstugu Oppsjø Vasspark Badstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark måndagar og 2. kvar torsdag - sjå under.
BRA MAT KURS Kurs på Gol startar 1. september i regi av Frisklivssentralen. Påmeldingsfrist: 25. august før kl. 12.00 Tilbodet er til innbyggjarar frå heile Hallingdal.
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
Bu- og blilyst Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar. Neste velkomsttreff blir 11. november kl. 16.30 på Makalaus Mat.
BUA ÅL På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.
DIGITAL BYGDIS Ål frivilligsentral arrangerer i samarbeid med Ål bibliotek og Pensjonistforbundet Ål datakurs på smarttelefon og nettbrett. Det blir også praktisk bruk av kunstig intelligens.
Dørstokkmila - oversikt over aktivitetar og arrangement for oktober Aktivitetar og arrangement i regi av frivilligsentralen
Fadder for nytilflytte I høve prosjekt bulyst/blilyst i Ål så er det behov for fadderar til nytilflytte. Har du litt tid til overs, og har lyst til å bli kjent med nye menneske som ønskjer å busette seg i kommunen vår?
Fjellswing for unge vaksne Swingkveld for unge vaksne har no pause og vurderar å starte opp igjen til hausten.
Frivillig til arrangement på Ål? På Ål er det mange ulike arrangement gjennom året som har behov for frivillige.
Frivilligstrategi for Ål kommune Strategien vart vedteke i kommunestyret 17.8.23 og rullering av frivilligstrategi 2026-2028 vart gjort på bakgrunn av evaluering av referansegruppa 2023-2025.
Kafeteriaen ved Ål helsesenter Kafeteriaen på Ål helsesenter er open alle kvardagar kl. 10.30-14.30. Her kan du få kjøpt nysteikte vaflar, rundtykker, horn, kaker og 2 retters middag
Kårstugu I Kårstugu møtest eldre frå bygda og dei som bur på helsesenteret til aktivitetar og svall. Alle aktivitetar er opne for alle pensjonistar i kommunen og gratis. Kantina er open der ein kan kjøpe kaffimat og middag.
Nigardstugu Møtestad for seniorar i eit triveleg og gamalt hus med "sjel i veggjo". Her kan du strikke, hekle, veve, drive med trearbeid, kome for å prate og ete lunsj i lag med andre.
Seniordans Kvar måndag kl 11.00 er det seniordans i Veslefeten dansesal i Ål kulturhus. Her er det trim for både hovud og kropp. Det er ein flott gjeng som møtast, og har det veldig kjekt i lag. Det er alltid plass til fleire. Dans deg glad og bli med.
Sjølvhjelpsgrupper Treng du endring i livet ditt for å meistre kvardagen betre og få auka livskvalitet?
Småjobbsentralen i Ål Småjobbsentralen i Ål kan hjelpe til med småoppdrag til eldre og dei som ikkje klarer å utføre dette sjølv av helsemessige årsaker.
Trille- og gåtur Frivillige frå Frivilligsentralen tek med seg bebuarar ved Ål helsesenter ut på «vift». No har vi fått to nye flotte og robuste elektriske rullestolar til bruk ute.
Trivselsvenn ved Ål helsesenter Kjenner du nokon som har litt ekstra å gi eller har du sjølv litt ekstra tid og har lyst til å glede eit anna menneske?
Utkøyring av bøker frå Ål bibliotek Likar du å lese, men har gått tom for bøker? Har du ikkje høve til å hente dei sjølv? Ein frivillig kan køyre bøkene til trappa di.
Årsmelding og strategiplan for Ål frivilligsentral/Ål ungdomsfrivilligsentral Årsmøte i frivilligsentralane i formannskapet 9.3.26 der årsmelding for 2025 og strategiplan for 2026-2030 vart vedteke.