-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
Kårstugu
Kårstugu er open for alle pensjonistar. Det er ingen medlemskap og kostar ikkje noko å vere med på aktivitetar. Det er fellesskap med aktivitet og samvær i fokus, det er sosialt og triveleg og alltid plass til fleire.Aldersgruppe: 60 til 100 år
Faste aktivitetar
Tysdagar kl. 11.00 Syng med oss
Onsdagar kl. 11.00 Kortspel – for dei som har lyst
Torsdagar kl. 11.00 Leik og dans
Kontaktperson:
Maria Høgetveit Berg
tlf.: 951 78 923
epost: maria.hogetveit@gmail.com
Del på:
-
BUA ÅL
På BUA ÅL kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis!
-
Digital Bygdis
Måndag 22. januar kl. 10.00 på Ål frivilligsentral. Opplæring, informasjon og datahjelp i bruk av forskjellige appar på smarttelefon og nettbrett.
-
Dørstokkmila - oversikt over aktivitetar på Ål frivilligsentral
Aktivitetar i veke 6 - 2024.
-
Fadder for nytilflytte
I høve prosjekt bulyst/blilyst i Ål så er det behov for fadderar til nytilflytte. Har du litt tid til overs, og har lyst til å bli kjent med nye menneske som ønskjer å busette seg i kommunen vår? Ta kontakt med frivilligsentralen og registrer deg som potensiell fadder.