Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
Bu- og blilyst Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar.
BUA ÅL På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Vi har sjølvbetjent filial på Samhald Bygdesenter. Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.
Fadder for nytilflytte I høve prosjekt bulyst/blilyst i Ål så er det behov for fadderar til nytilflytte. Har du litt tid til overs, og har lyst til å bli kjent med nye menneske som ønskjer å busette seg i kommunen vår? Ta kontakt med frivilligsentralen og registrer deg som potensiell fadder.
Finalist til Årets frivillighetskommune 2024 Det er kommunane Ål, Haugesund og Frogn som er finalistene til å konkurrere om å bli Årets frivillighetskommune 2024.
Friluftlivets år 2025 Friluftslivet sitt år 2025 blir arrangert kvart tiande år, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, der Norsk Friluftsliv står bak prosjektet.
Frivillig til arrangement på Ål? På Ål er det mange ulike arrangement gjennom året som har behov for frivillige.
Frivilligstrategi for Ål kommune Strategien vart vedteke i kommunestyret 17.8.23 og gjeld for perioden 2023-2025.
Kårstugu I Kårstugu møtest eldre frå bygda og dei som bur på helsesenteret til aktivitetar og svall. Kantina er open der ein kan kjøpe kaffimat og middag.
Middag på Ål helsesenter Kafeteriaen på Ål helsesenter er open alle kvardagar kl. 13.00-14.00 Det er middagssal i Uppigarden kl. 15.30 sundagar.
Nigardstugu Møtestad for seniorar i eit triveleg og gamalt hus med "sjel i veggjo". Her kan du strikke, hekle, veve, drive med trearbeid, kome for å prate og ete lunsj i lag med andre.
Seniordans Kvar måndag kl 11.00 er det seniordans i Veslefeten dansesal i Ål kulturhus. Her er det trim for både hovud og kropp. Det er ein flott gjeng som møtast, og har det veldig kjekt i lag. Det er alltid plass til fleire. Dans deg glad og bli med.
Sjølvhjelpsgrupper Treng du endring i livet ditt for å meistre kvardagen betre og få auka livskvalitet?
Småjobbsentralen i Ål Småjobbsentralen i Ål kan hjelpe til med småoppdrag til eldre og dei som ikkje klarer å utføre dette sjølv av helsemessige årsaker.
Spanskkurs Spanskgruppa startar opp igjen 9. oktober kl. 18.30 og ønsker nye og gamle deltakarar velkomne.
Språkkafé på frivilligsentralen 25. september starter vi opp igjen med språkkafé på frivilligsentralen. Velkomen til alle som ønsker å prate norsk med andre.
Trille- og gåtur Frivillige frå Frivilligsentralen tek med seg bebuarar ved Ål helsesenter ut på «vift». No har vi fått to nye flotte og robuste elektriske rullestolar til bruk ute.
Trivselsvenn ved Ål helsesenter Kjenner du nokon som har litt ekstra å gi eller har du sjølv litt ekstra tid og har lyst til å glede eit anna menneske?
Utkøyring av bøker frå Ål bibliotek Likar du å lese, men har gått tom for bøker? Har du ikkje høve til å hente dei sjølv? Ein frivillig kan køyre bøkene til trappa di.
Verda vår - Mat & kultur Saman med dei ulike avdelingane ved Ål kulturhus inviterer vi gjennom hausten ulike nasjonalitetar som er representert i Ål til å vise seg fram slik at vi kan bli betre kjent!
Ål-appen Last ned Ål appen og få nyheiter og informasjon om kva som skjer skreddarsydd til dine interesser og behov.
Årsmelding og strategiplan Årsmøte i Ål frivilligsentral og Ål ungdomsfrivilligsentral hadde vi i formannskapet 4. mars 2024