-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark
Trille- og gåtur
Frivillige frå Frivilligsentralen tek med seg bebuarar ved Ål helsesenter ut på «vift». No har vi fått to nye flotte og robuste elektriske rullestolar til bruk ute.Aldersgruppe: 18 til 100 år
Med gåve frå Sparebankstiftelsen Hallingdal har det vore mogeleg å skaffe desse flotte og robuste elektriske rullestolane.
Frivillige frå sentralen og elevar ved ungdomsskulen tek med seg bebuarar frå Ål helsesenter på gå- og trilletur. Dette er populære tiltak, til stor glede for dei som sjeldan kjem seg ut. Med dei elektriske rullestolane kan vi no nytte oss av turstigen Elvelangs og gå på litt lengre turar.
Har du lyst til å vere trillevenn, ta kontakt med frivilligsentralen, tlf. 907 08 637.
Del på:
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
-
Bu- og blilyst
Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar.
-
BUA ÅL
På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Vi har sjølvbetjent filial på Samhald Bygdesenter. Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.