-
Afternoon Tea og kino
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Neste gong er onsdag 28. januar 2026
Handling
Kvar tysdag og fredag handlar me for dei som ikkje kjem seg på butikken sjølvAldersgruppe: 62 til 100 år
Dei som treng å få hjelp med handling, ringer/sender SMS til frivilligsentralen med handleliste måndag eller torsdag. Ein av dei frivillige handlar og leverer på døra. På førehand må du opprette konto på REMA 1000 ÅLINGEN eller SPAR Ål. Om dei frivillige må køyre utanom sentrum, så kjem det kilometergodtgjersle i tillegg.
Kontakt frivilligsentralen: tlf.: 907 08 637
Del på:
-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark. .
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
-
Bu- og blilyst
Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar. Neste velkomsttreff blir i februar / mars 2026.