-
Afternoon Tea og kino
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Neste gong er onsdag 26. november der filmen "Drømmer" blir vist.
Trivselsvenn ved Ål helsesenter
Kjenner du nokon som har litt ekstra å gi eller har du sjølv litt ekstra tid og har lyst til å glede eit anna menneske?Aldersgruppe: 18 til 80 år
Vi har ei flott gruppe med trivselsvenner på Ål helsesenter som steiker vaflar, går tur, snakkar og les for bebuarane. Mange uttrykkjer stor glede over at ein person som ikkje jobber der, men heilt frivillig tek seg tid til å snakke med og vere med dei.
Vi treng fleire trivselsvenner ved Ål helsesenter. Ta gjerne kontakt med trivselskoordinator Heidi på tlf 977 30 540 for meir info.
Del på:
-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
-
Bu- og blilyst
Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar. Neste velkomsttreff blir i februar / mars 2026.