Tirsdag 18 Februar
Kl. 18:00 - 19:00
Naturparadokset - samtale med Marit Beate Kasin på Ål bibliotek
Om naturen me mister, og korleis me kan få den attende.

Marit Beate Kasin si bok Naturparadokset set søkjelys på det store naturtapet som føregår rundt oss. Sjeldan har ei bok vore meir relevant i ei tid der stadig fleire blir merksame på korleis naturen blir bygd ned, og dyra forsvinn. Har hyttedraumen til nordmenn vorte naturen sitt mareritt?
Forfattar Marit Beate Kasin tek oss med til fjells og observerer korleis hyttebygging, alpinanlegg og vegar fortrengjer villreinen frå leveområda sine. Det er snart lite villmark eller naturskog att i Noreg. Sjølv om det unike artsmangfaldet i skogen er lovfesta, blir verneverdige tre hogde ned, og talet på rovdyr blir halde på eit kritisk lågt nivå.
Overforbruket vårt av naturressursar har ført oss inn i klimakrisa, som me no prøver å løyse ved å byggje vindkraftanlegg – noko som raserer urørte område. Naturparadokset er ei utforsking av interessemotsetnader og truga natur. Forfattaren avdekkjer gapet mellom gode intensjonar og faktisk praksis.

Marit Beate Kasin bur i Øystre Slidre, men er fødd på Notodden i Telemark. Som journalist har ho følgt utallege politiske møte og sett korleis naturvern ofte har ei svak stemme i møte med næringsinteresser og kapitalkrefter. I 2021 tok engasjementet hennar for naturen ein ny retning då ho leia graveprosjektet Hytteparadokset i avisa Valdres. Prosjektet, som undersøkte miljøkonsekvensane av den norske hyttedraumen, opna augo hennar for omfanget av naturtap i Noreg og resulterte i boka Naturparadokset, der ho utforskar dette vidare. I boka tek ho ikkje berre for seg hyttebygging, men også andre store arealkampar, enkeltpersonar som står opp mot systemet, og moglegheitene som finst i restaurering.

Arvid Amundsen frå Naturvernforbundet Hallingdal møter Marit Beate Kasin til samtale.
Velkomen!

Gratis inngang.
For å sikre deg plass kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.

Arrangør: Ål bibliotek og Naturvernforbundet Hallingdal.



2025 © Ål frivilligsentral