Friluftslivets år

2025 er Friluftslivets år og dette vil bli markert på Ål gjennom heile året.

Følg med på aktiviteten: Friluftslivets år 2025 der det ligg kalender over aktiviteten.

Det er mogleg å søke om tilskot til friluftslivsrelaterte arrangement under friluftslivets år 2025.

Søknadskriterier:
Det skal vere eit friluftslivsrelaterte, opent og gratis arrangement.
Ål kommune og Frivilligsentralen skal kunne dele info om arrangementet i både den lokal og nasjonale aktivitetskalenderen, og på Instagram og Facebook. Mottakaren må og dele info om arrangementet på sine infokanalar.
Etter arrangementet skal det sendast ei tilbakemelding på kor mange som deltok, gjerne litt info om korleis arrangementet gjekk, og eit eller fleire bilete som kan delast.
Kvar arrangør kan få eit tilskot i løpet av året.
Søknadssum er maks 1000,- pr arrangement, og det må søkast før gjennomføring av arrangementet.
Ordninga gjeld til tilskotspotten er brukt opp.
Utbetalinga vil kunne skje etter at arrangementet er gjennomført.

Enkel e-post med info om arrangementet og søknadssum  sendast til postmottak@aal.kommune.no. Merk e-posten med «Arrangement tilskot Friluftslivets år».

2025 © Ål frivilligsentral