TV-aksjonen 2024

TV-aksjonen i 2024 gjekk av stabelen 20. oktober til Barnekreftforeningen.

Aldersgruppe: For alle

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssykehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Når eit barn blir alvorleg sjuk, blir heile familien ramma. I familiehusa kan barn med alvorleg sjukdom og familien deires bu saman mens barnet er under behandling. Slik blir søsken også ivareteke, og familien kan skape gode stunder i ei vond tid.  

TV-aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon. 


2024 © Ål frivilligsentral