-
Afternoon Tea og kino
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Oppstart igjen 30. september.
Hørselstreff
Hørselsforbundet Hol og Ål møter du på Ål frivilligsentral siste torsdagen i månaden. Oppstart etter ferien er 27. august.Aldersgruppe: 50 til 100 år
Hørselsforbundet Hol og Ål kan du møte siste torsdag i månaden kl. 11.00-13.00 på Ål frivilligsentral.
Dei kjem desse datoane: 27. august, 24. september, 29. oktober og 26. november 2026.
Dei kan hjelpe til med:
- enkelt stell av høyreapparat
- korleis kombinere høyreapparat og smarttelefon
- kva gjer eg om eg høyrer dårleg?
Velkomen innom!
Del på:
-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark 2. kvar torsdag - sjå under. Måndagsgruppa har avslutta for våren, oppstart igjen i midten av september.
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
BRA MAT KURS
Kurs på Gol startar 1. september i regi av Frisklivssentralen. Påmeldingsfrist: 25. august før kl. 12.00 Tilbodet er til innbyggjarar frå heile Hallingdal.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.