-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark
Friluftlivets år 2025
Friluftslivet sitt år 2025 blir arrangert kvart tiande år, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, der Norsk Friluftsliv står bak prosjektet.Aldersgruppe: For alle
Dette er ei nasjonal markering for å framheve og legge til rette for lokale aktivitetar i naturen, og er ei unik moglegheit til å vise kva du og organisasjonen din jobbar for gjennom eit landsdekkande fellesskap, og til å rekruttere fleire deltakarar.
Prosjektet har tre hovudbodskap:
Oppdag din nærnatur, inviter kvarandre ut og prøve nye friluftsaktivitetar.
- Formål:
Auke merksemd om friluftsliv og auka deltaking i friluftsliv for heile befolkninga – med varig effekt.
Friluftsliv skal vere tilgjengeleg for alle, i nærmiljøet, naturvennleg, folkehelse og frivilligheit i friluftsliv.
Målgruppe:
Barn og unge, menneske som har lyst til å vere meir aktive i naturen, og dei som ikkje kjenner friluftslivet.
Kva skal skje i Friluftslivets år?
Vi skal forsterke og synleggjere alt det gode som allereie blir tilbydd lokalt, og få fleire med på dette. Det er lokalsamfunnet som skal blomstre og frivilligheita spelar ei nøkkelrolle.
Gode grunnar til å delta lokalt:
- Friluftslivet er for alle. Tilrettelegging og inkludering bidreg til at fleire får gode opplevingar i naturen.
- Bli meir synleg – det er lov å skryte og vise fram naturperlene sine og friluftslivstilbod.
- Få nye og styrke etablerte samarbeidsrelasjonar
- Gi anerkjenning til alle som bidreg til å halde friluftsliv i bevegelse, spreie glede og fellesskapet utandørs
- Det er bra for folkehelsa og bu- og blilyst.
Ål kommune ynskjer:
- Kople saman alle lag og organisasjonar for å skape eit breitt og engasjert nettverk
- Invitere alle inn til det fellesskapet friluftslivet er, og inspirere fleire til å prøve nye aktivitetar
- Mobilisere og samarbeide slik at nasjonale kampanjer og lokale aktivitetar heng saman
- Dele kunnskap om grunnleggande friluftslivsferdigheiter og allemannsretten
- Etablere spleiselag med Sparebankstiftelsen DNB, Gjensidigestiftelsen og andre aktørar
Vi vil invitere alle lag og organisasjonar til å planlegge Friluftslivets år 2025 saman, der vi kan samle aktivitetar og tilbod og markedsføre dei ulike tiltaka ut dersom ynskjeleg.
- Kva vil ditt lag eller organisasjon gjere i 2025 for å markere Friluftslivets år?
- Kva for aktivitetar kan vera opne for alle? Kva for aktivitetar kan vera utan kostnad?
- Kva for aktivitetar kan vi eventuelt samlast om i Hallingdal?
Trykk denne linken her for meir informasjon, og sjå link under for lag og organisasjoner som kan søkje midlar.
Søknadsfrist 01.09.24! Tilskudd - Friluftslivets år 2025 - Norsk Friluftsliv
Invitasjon til felles møte kjem til hausten.
Del på:
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
-
Bu- og blilyst
Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar.
-
BUA ÅL
På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Vi har sjølvbetjent filial på Samhald Bygdesenter. Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.