-
Afternoon Tea og kino
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Oppstart igjen 30. september.
Kårstugu
I Kårstugu møtest eldre frå bygda og dei som bur på helsesenteret til aktivitetar og svall. Kantina er open der ein kan kjøpe kaffimat og middag.Aldersgruppe: 60 til 100 år
Faste aktivitetar:
Måndagar kl. 11.00
Fallførebyggjande gruppe
Kontakt fysikalske om du vil vere med
Tysdagar kl. 11.00
Syng med oss
Allsong med songleiar og musikkakkompagnement
Torsdagar kl. 11.00
Dans med oss
Levande musikk - gamaldans, sving og tango
Kårfolkturar: i sommarhalvåret er det vandreturar rundt om i kommunen med lokalkjende turleiarar.
Andre sosiale tilstellingar som jule- og adventsfest, 17. maifest og olsokfest.
Alt arbeid er frivillig, slik at oppgåvene går på omgang mellom dei aktive. Drifta blir organisert gjennom brukarråd.
Kontaktperson:
Kjell Storhaug (kontaktperson)
Del på:
-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark 2. kvar torsdag - sjå under. Måndagsgruppa har avslutta for våren, oppstart igjen i midten av september.
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
BRA MAT KURS
Kurs på Gol startar 1. september i regi av Frisklivssentralen. Påmeldingsfrist: 25. august før kl. 12.00 Tilbodet er til innbyggjarar frå heile Hallingdal.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.