Badstugu Oppsjø Vasspark

Badstuguvertane ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark

DROP-IN VIA ÅL FRIVILLIGSENTRAL
Frivilligsentralen har badstuguvertar og open for drop-in:

- kvar måndag kl. 10.00-12.00, oppstart 22.9.25
- 2. kvar torsdag  kl. 19.00-21.00 (oddetal)

Ta med handkle å sitje på, drikkeflaske og gjerne badesko. Bading skjer på eige ansvar.
Vipps kr 60 pr. gong

BOOKING

Det er mogleg å booke heile badstugu på oppsette tider: 

Bestill privat badstovetid på Gibbs.no

ENGLISH: Book your private sauna session via our booking system. 

Etter bestilling får du tilsendt kode på epost og sms som du brukar for å låse opp.
Merk at badstova ikkje er varm ved ankomst. Oppvarmingstid er ca. 40 min og er rekna med i bookingtida. 

Pris for å booke badstugu i 2 timar er kr 500,-
Du betalar når du bestiller. 

Etter bruk ver snill og rydd opp og tørk golva for vatn og sand. Ved overdriven tilgrising vil det bli fakturert eit reingjeringsgebyr på kr. 950,-.

Oppsjø Vasspark haust 2025


2025 © Ål frivilligsentral