-
Afternoon Tea og kino
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Oppstart igjen til hausten.
Bu- og blilyst
Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar. Neste velkomsttreff blir til hausten.Aldersgruppe: For alle
Ål frivilligsental er med i bu- og blilystteamet og er med og arrangerar velkomsttreff for nye ålingar 2 gongar i året. Vi arrangerar turneringar og samankomstar for nye ålingar og tilsette i kommunen. Frivilligsentralen er eit bindlegg mellom kommunen og frivillig sektor og har god oversikt over kva som finst av aktivitetar å vere med på.
For å bli kjent og byggje nettverk, kan det vere fint å vere frivillig på ulike aktivitetar og arrangement.
Kom gjerne innom frivilligsentralen på kulturhuset for ein prat med Turid Hilde Gåsbakk.
Tlf. 907 08 637
Epost frivilligsentralen@aal.kommune.no
Del på:
-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark 2. kvar torsdag - sjå under. Måndagsgruppa har avslutta for våren, oppstart igjen i midten av september.
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
-
BUA ÅL
På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.