-
Afternoon Tea og kino
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Oppstart igjen 30. september.
Generasjonsleikane 2026
Generasjonsleikane går av stabelen laurdag 5. september kl. 12.00-15.00 på Bråta idrettsarena. Bli med på ein aktiv og morosam dag! Gratis deltaking - ingen påmelding- deltakarpremie og diplom til alleAldersgruppe: 0 til 100 år
Kva er generasjonsleikane?
Generasjonsleikane handlar om å vere aktive saman. Barn, foreldre og besteforeldre - ulike generasjonar som er i aktivitet gjennom ulike aktivitetar. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det morro, - ikkje å vinne. Laga som består av minst to generasjonar er med på ulike aktivitetar. Desse er lagt til rette slik at alle skal kunne vere med, uansett alder og aktivitetsnivå.
Korleis blir de med?
Sett saman eit lag på 3-5 personar med minst to generasjonar. Vi kan hjelpe dykk å sette saman eit lag.
De treng ikkje å trene aktivt eller ha treningsklær for å vere med. Her møter de opp som de er - og når det passar dykk mellom klokka 12 og 15.
Korleis gjer de det?
I løpet av dagen kan de ta del i fleire ulike aktivitetar. For kvar aktivitet de deltek på, samlar de merker på poengkort. Deltakarpremie og diplom til alle. Laga er med i trekninga av fruktkorger.
Servering
Gratis servering av lappar, kaffi og saft ved Ål bygdekvinnelag
Arrangør: Ål frivilligsentral, Ål ungdomsfrivilligsentral, Pensjonistforbundet Ål, Ål bygdekvinnelag, friskliv og folkehelse i Ål kommune.
Del på:
-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark 2. kvar torsdag - sjå under. Måndagsgruppa har avslutta for våren, oppstart igjen i midten av september.
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
BRA MAT KURS
Kurs på Gol startar 1. september i regi av Frisklivssentralen. Påmeldingsfrist: 25. august før kl. 12.00 Tilbodet er til innbyggjarar frå heile Hallingdal.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.