-
Afternoon Tea og kino
Ål frivilligsentral og Ål kulturhus arrangerer siste onsdag i månaden Afternoon Tea og kino. Oppstart igjen til hausten.
Dagkino og vaffelkino
Ål kulturhus arrangerer nokre onsdagar og fredagar i månaden dagkino.Filmane blir vist kl. 12.00 i veslesalen i Ål kulturhus.
Nokre gonger blir det også servert ferske vaflar frå kl. 11.00 i foajéen og er ein triveleg møteplass.
Oversikt over dagfilmane finn du på appen eBillett, Ålappen eller https://aal.kulturhus.no
Del på:
-
Badstugu Oppsjø Vasspark
Badstuguvertane ved Ål frivilligsentral ønsker velkomen til varm badstugu på Oppsjø vasspark 2. kvar torsdag - sjå under. Måndagsgruppa har avslutta for våren, oppstart igjen i midten av september.
-
Besøksvenn
Alle kan kjenne seg litt åleine til tider. Då kan det vera kjekt å få besøk.
-
Brosjyre for Ål frivilligsentral - Ål ungdomsfrivilligsentral
Her finn du ein oversikt over alle aktivitetar som blir utført gjennom frivilligsentralane samt opningstider på kontoret og kontaktinformasjon.
-
Bu- og blilyst
Ål kommune har eige bu- og blilystteam som tilbyr eigne treff og aktivitetar for nye ålingar. Neste velkomsttreff blir til hausten.