Eldre ut på gratis middag

Ål kommune inviterer alle fullvaksinerte heimebuande innbyggjarar over 65 år til gratis 3-retters middag i tida 24.8.-5.9.2021

Dette er midlar Ål kommune har fått tildelt frå Statsforvaltaren som ynskjer eldre skal kome saman og ha det sosialt rundt eit godt måltid mat. I tillegg blir næringslivet vårt støtta.

Desse restaurantene er med:
Hallingdal Feriepark, Skogens konge, Sundre Gjestestugu, Thon Hotell Hallingdal, TID kafé & landhandel, Rødungstølen Høyfjellshotell og Bergsjøstølen Fjellstue. 

Menyar og datoar finn du her: Eldre ut på middag (3)

Påmelding i perioden 1.8.-18.8.21:
Ål frivilligsentral, Turid Hilde Gåsbakk, epost: thg@aal.kommune.no, tlf.: 90 70 86 37.
Gje beskjed om kva dag og restaurant du ønsker og om du har behov for skyss.

Bli med på restaurantbesøk ilag med andre sambygdingar, og ta gjerne med deg naboen, turkameraten, vennen, venninga, ektefelle mm.



2024 © Ål frivilligsentral