Småjobbsentralen i Ål

Småjobbsentralen i Ål tilbyr oppdrag for eldre og andre som av ulike grunnar ikkje klarar oppgåvene sjølve.

Kva er ein "småjobb"?
Ein småjobb er korte arbeidsoppgåver på maksimalt 4 timar som det ikkje er naturleg at andre (profesjonelle, offentlege eller frivillige) tek seg av og som ikkje konkurrerar med næring. Info om Småjobbsentralen i Ål

Ta kontakt
Har du behov for hjelp, ring Ål kommune, servicetorget 32 08 50 00, opent kvardagar kl. 9.00-15.00.
Du kan og sende e-post til  aalsmaajobb@gmail.com

Pris:
Pris pr. time er kr 200.

Ønsker du å vere småjobbar
Vi treng alltid fleire småjobbarar. Bli med på laget, og gjer noko som er bra for alle. Du bestemmer sjølv.
Er du interessert, ta kontakt med Ål frivilligsentral: 90 70 86 37
e-post: aal.frivilligsentral@aal.kommune.no eller ta ein tur innom.

2024 © Ål frivilligsentral